mandag 5. januar 2015

Kor kommer dette hastverket frå?


Den store satsinga på barnehageutbygging i Noreg frå 1970-tallet hadde opphavleg eit familie- og sysselsettings-politisk motiv. At alle born etter kvart fekk tilgang til ein rimelig barnehageplass sikra ikkje minst kvinnene moglegheita til full deltaking i arbeidslivet. Heimane som stad for leik og oppseding måtte erstattas på dagtid. Difor har norske barnehagar vært prega av heimens estetikk, omsorgsrelasjonar, praktiske gjeremål og fri leik som ramme for barnas kvardag.

At barnehagen samstundes var pedagogiske institusjonar, har skapt ein del usikkerhet i forhold til kor eksplisitt dei pedagogiske ihuge mot læring skulle være i forhold til fokus på omsorgsrollen, stell og praktiske gjeremål. Det blei gjerne med usynleg pedagogisk verksemd vevd inn i omsorgssituasjonar og kvardagslege gjeremål. De dreidde seg i tillegg til oppseding, om arbeid med borns sosiale kompetanse.

Gradvis ble det tydeligare at barnehagen også kunne inkluderas i utdanningssystemet og fungere som det første møte med målretta læreplanstyrt opplæring. No talas det ope om behovet for å utnytte læringspotensialet i tidlig barndom betre og meir strukturert, og ein sitter uvilkårleg igjen med ein kjensle av at barndommen stadig blir tilført nye doser hastverk. Barndommens ubrukte potensial presenteras som elveløp som enda ikkje er lagt i røyr, eller vind over heiene som ikkje møter ein vindturbin.

Kor kommer dette hastverket frå? At barndommen tidligare og tidligare underleggas systematisk pedagogisk leia læringsprosesser må ha ein svært god grunngjeving. For – som med regulering av elver og bygging av vindturbinar – alt har sin pris. Når det gjeld små born, er det grunn til å frykte at rommet og tida for den frie leiken og bornas retningslause livsutfolding kommer under press.
Kvifor haster det med å starte formell opplæring? La oss freiste å analysere mogelege årsaker til at dette er naudsynt.

Er det fordi born tidlegare enn før må være uavhengige frå foreldres omsorg og være ansvarlige for egne val? Nei, myndigheitsalderen er uendra. Borns deltaking i arbeidslivet er stadig like avgrensa, dei kan ikkje ta opp gjeld og dei kan ikkje stå strafferettsleg til ansvar for sine handlingar tidligare enn før. Barndomsforskearar er tvert om einige om at born heller er meir beskytta enn før frå utfordringar og situasjonar som krev eigen dømekraft. De køyras til og frå organiserte aktiviteter og slippes sjeldan av syne frå voksnes kontrollerande og beskyttande blikk. Det er ingen ting som tyder på at læring må starte tidligare fordi barndommen avsluttast tidlegare i den andre enden.

Er det fordi tilvære er så mykje meir kompleks enn før at born må ha fleire år på seg for å få inn kunnskapen dei trenger for å fungere i den? Nei, det er heller motsett. Rett nok er vi fleire menneskje, meir avhengig av teknologi, reiser meir og har fleire valmogelegheiter på dei fleste områda, men samstundes er brukarvenlegheita omkring oss betre enn nokon gong før. Vi trenger ikkje lenger hovudrekning, leite frem i tjukke katalogar eller krysse trafikkerte gater basert på egen dømekraft. Våre born vil aldri måtte fylle ut ein sjølvmelding. Teknologien som omgjev oss er så intuitiv og lett å ta i bruk at forkunnskaper svært sjeldan er påkravd.

Er det fordi teknologiutviklinga krev ein så avansert industri at fleire må bli ingeniørar om ikkje vi skal overlate all innovasjon til asiatane? Ja, til ein viss grad, men sjølv om fleire bør bli ingeniørar, gjelder det uansett berre eit lite mindretal av oss, og det er særs lite som tydar på at sjølv dette vesle mindretalet blir betre ingeniørar av å starte formell opplæring i matematikk og naturfag tidligare. Forsking syner at eventuelle forsprang tidlig formell opplæring gir born, er jamne ut i 12-14 års-alderen i forhold til born som ventar med formell opplæring til skulestart. Å skape ingeniørar krev først og fremst mykje nysgjerrigheit og interesse for korleis ting i verda fungerer og heng i hop. Dei av oss som har hatt noko med små born å gjera veit at dette ikkje er noko som må læras. Det er i høgste grad medfødt. Barnehagen og skulen må først og fremst innrette seg slik at dette ikkje druknas i ein pøs av formaliserte læringskrav og nidkjær kartlegging.

Her er vi kan hende på sporet av noko? Det massive læringstrykket i tidlig barndom har berre ein eigentleg årsak, og det er den fiktive kunnskaps- og ferdigheitskonkurransen som vi alle trur vi deltar i. Den som får storting og regjering til å endre læreplanar så dei liknar meir på planane i dei landande som ligg over oss på rangeringa. Den som får bystyret til å panikk-avgjerda meir systematisk måling og kartlegging fordi nabobyen ligg høgare på resultatlistene. Den som får skular til å be foreldre til de svakaste elevane om å halde dei heime når testen skal tas, så ikkje skulen taper mot dei andre skulane i byen. Den som gir born stempelet «lav måloppnåing» mens dei ennå er i starten av livet, fulle av nysgjerrigheit på verda rundt dei, fordi standarden for måloppnåing låg ein anna plass enn der barnet festa blikket sitt. Dette kjøret ser ut til å starte tidligare og tidligare, og det gir denne ulykksalige kjensla av dårlig tid, straks eit born forlat barselavdelinga.


Dette er altså ein fiktiv konkurranse fordi den, som vi har sett, ikkje forhold seg til objektive kriteria i tilværet kring oss. Vår vesle komplekse, og urolege klode krev ikkje meir formell kunnskap tidligare enn før. Den har ikkje bruk for fleire quiz-mestre. Det den krev er meir humanisme, meir tverrkulturell forbrødring, meir toleranse og empati og ikkje minst, meir kjærleik til naturen. La det være kjernen i ein kvar læreplan. La det prege kvardagen til alle born.       

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar